Feedback

Tilbakemelding til spraakreise.no


Kommentar Sett karakter
Email

Innhold

Design

Brukervennlighet

Helhetsinntrykk

Blogg, 3 uker Allmennkurs München med EF


     

Språkreisa på tre veker til Munchen som eg hadde med EF, har fått utrulig stor innverkanad på livet mitt seinare.

Draumen om å reisa på språkreisa hadde eg hatt lenge, sett i både den eine og den andre katalogen. Tenk det å ha ein faktastisk spennande sommar, med mange nye venner og opplevelsar. I tillegg, ikkje minst bonus ekstra språk. Det var ikkje få timar eg hadde prøvd å overtala foreldra mine til å reisa. Og sommaren året eg blei 18 skulle det endelig skje. Passe nervøs enda eg opp på flyplassen i München, med høge forventingar, og desto større sommarfuglar i magen. Kva om eg ikkje fekk nokon venner?

Eg blei henta av ei smilande dama og tok meg med til transferen som skulle ta meg med til alt det nye. Der satt alt ein gut, med same forventingane i blikket. Same angsten om kva dette nye var. Me starta å prata med ein gong, først tysk, så engelsk og tysk igjen. Det å bekymra seg for å finna venner var tydligvis heilt bortkasta. Me var jo på stort sett same alder, med same nye opplevinga, og innstillingen om ein best mulig sommar. Noko det blei, tysken blei bedre, vennene blei mange, brunfargen tok seg opp, utfluktene var mange.

Tida gjekk skremmande fort, etter tre veker langt vekke frå venner og kjente skulle ein tru det var på tide å komma seg heim. Men eg angrar framleis på at eg ikkje hadde bestillt 4 veker.

Til tross for at eg etter siste året på vidargåande, valgte å tilbringa mange månadar i Tyskland. Fordi språkreisa ikkje berre var lærerik og moden. Den gav også ein ekstram motivasjon, ikkje berre til å læra tysk, men språk gjenerelt. Fordi her fekk alle som kunne praktisera dei språka ein kunne. Ikkje var det noko spesielt mål, men etter dei tre vekene i Tyskland blei eg nok like mykje betre i engelsk som i tysk. Og hadde eg kunna frank, spansk eller japansk kunne eg også sett stor framgang der :) Einaste problemet med ei slik opplevning er å komma heim. Det blei litt stusselig, og no vil eg ut å læra meir språk. Kanskje engelsk, eller noko heilt nytt, fransk... Fordi som ein er aldri så flittig på skulebenken, lærar du ikkje språket sikklig slik det blir brukt i landet. Og det er jo litt av vitsen når ein lærar språk, å kunne bruka det...

Eg likte meg så godt, at eg valgte å ta eit år i Tyskland, der eg lærte meg tysk. I løpet av andre månaden tok eg då turen til den koslige vertsmora eg hadde hatt med EF, og budde hos ho ei helg, saman med ei venninne. Men opphaldet i Tyskland var nok også ein avgjerande faktor til at eg fekk draumejobben og jobba som reiseledar både i Munchen, Wien, Salzburg, Vaduz i Liechtentein osv.


Kommentarer:
13.07.2010 00:09:40 Guro0o
Når var du på språkreise? eg lurer på å fare på språkreise til tyskland. men eg veit ikkje om eg stolar på EF. har høyrt så mykje dårleg


Er du interessert i denne bloggen? Skriv deg opp her og motta en mail hver gang bloggen oppdateres.
Din email:

Kategorier